



Osterøy Sogelag arbeider for å vekkja interesse for lokalhistorie frå Osterøy og for å gjera lokalhistorisk stoff frå området kjent for flest mogleg. Det gjer laget gjennom sogeskriftet «Osterøy i soge og samtid» saman med Osterøy museum.
Dessutan gjev Osterøy Sogelag ut bøker med emne frå lokalhistoria på Osterøy. Den største satsinga er arbeidet med Osterøy Bygdebok - allmennsoge - frå dei eldste tider til i dag.
På denne nettstaden kan du gjera deg kjent med bøkene våre, og tinga bøker du har interesse av.
Osterøy Bygdebok fortel om korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla seg frå dei eldste tider til det store hamskiftet kring 1870. Etter lange linjer fylgjer me utviklinga i bygdene og vert kjende med skiftande levekår for folket til ulike tider. Boka legg vekt på det som særmerkjer bygdene i kvar tidsperiode. Ho tek føre seg skifte i næringsgrunnlag......Les meir>>>
”Lengt mot fjell” er ei diktsamling av Olav Meltvik. Han har i mange år late seg inspirera av naturinntrykk, av ein stad eller ei stemning, ofte på turar i fjellet. I denne boka har han gjort eit utval av dikt han har skrive fram gjennom tida.
«Osterøy i soge og samtid» er årboka med lokalhistorisk stoff frå Osterøy. Sogeskriftet har kome ut kvart år sidan 1989. I 2008-utgåva kan du m.a. lesa om den rike gullgravaren frå Olsnes, om garveriindustrien på Osterøy, kisteproduksjon kring Mjøsvågen, - og mykje anna. Les meir>>>


«Ostringar på tinget» er del II i serien av tingsaker frå Osterøy. Denne serien er kjeldeutgåver av tingbøkene for Nordhordland. Boka inneheld alle tingsakene på bygdetinga på Osterøy i perioden frå 1702 til 1728. Dette gjeld tingbøkene 28–36. I tingbøkene finn me alle dei sakene som var føre på........
